Ungdomspolitikere sentralt
Leder Unge Venstre
Sveinung Rotevatn (født 1987) er leder i Unge Venstre, og kommer fra Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, der han også er medlem i kommunestyret. Han har bakgrunn som jusstudent, twitrer som @Rotevatn og blogger på http://sveinung.uv.no
21. mai
«Sjølvsagt bør dei det. Eg kan ha forståing for dei fleste politiske standpunkt, men å forstå folk som er for statsregligion har eg aldri klart. Diverre blir ikkje statskyrkja avskaffa med dagens vedtak. Prestar blir framleis statstilsette, og Den norske kyrkja får ei særstilling samanlikna med andre religionar.»
14. mai
«Nei, det gjer eg ikkje. Kravet frå Bondelaget er fullstendig urealistisk. Dessutan trur eg dei forreknar seg dersom dei trur det vil skape sympati å halde norske forbrukarar som gissel. Tilliten er allereie tynnslitt etter smørkrisa, om vi no skal få fleire problem kan resultatet bli senking av tollmurane. Noko som er heilt greit for min del - og for verdas fattige.»
6. mai
«Nei. Og eg er stolt av at Venstre fekk fjerna tiggeforbodet sist det var borgarleg regjering. I eit liberalt samfunn er det ikkje straffbart å be om hjelp.»
30. april
«Då jobbar eg og betalar skatt for å finansiere tidlegpensjonen til dei fagorganiserte. I Noreg er vi alle like, men somme er likare enn andre.»
25. april
Hva synes du om klimameldingen?
«Meldinga ber preg av å kome frå ei regjering som legg til grunn at den vil tape valet i 2013. Det er bra at målet om 2/3 kutt heime ligg fast, men tiltaka som blir foreslått vil ikkje vere nok til å nå dette målet - noko regjeringa sjølv innrømmer. Altså blir det opp til neste regjering å rydde opp. Det står Venstre klare til å gjere, men då vil det vere for seint å nå 2020-måla. »
11. april
Hvilke partier blir med i regjeringen ved eventuelt borgerlig flertall i 2013?
«Etter mitt syn bør Venstre, Høgre og KrF danne regjering etter 2013. Det vil vere den mest styringsdyktige koalisjonen. Men det viktigaste er at alle dei borgarlege partia, inkl. Frp, er einige om å bruke eit eventuelt fleirtal saman, og då bør ingen stille ultimatum på førehand. Forhandlingar får avgjere.»
2. april
Hvilken bok vil du anbefale i påsken?
«Det første eg gjorde då ferien starta var å kjøpe femte og (førebels) siste bind av A Song of Ice and Fire. Det passar bra å lese no, ikkje minst sidan sesong 2 av Game of Thrones starta i går kveld på HBO. (Nei, det er ikkje nokon politisk bodskap her. Det er ferie).»
27. mars
Hva bør skje med mulla Krekar?
«Mulla Krekar bør handsamast som alle andre menneske i dette landet. Dersom dommen vert ståande, må han i fengsel. Og dersom Irak kan garantere tryggleiken, bør han sendast til Irak. Det er ikkje verre enn det.»
14. mars
«Ja, det bør dei. Vi som samfunn blir målt etter korleis vi behandlar våre svakaste. Akkurat no står termometeret på frysepunktet.»
7. mars
«Heilt ærleg: Dei burde la Kristin Halvorsen halde fram som partileiar til det ordinære landsmøtet neste år. Heikki Holmås burde få prøve seg som statsråd, og så burde han og Solhjell alvorleg revurdere å stille som leiarkandidatar saman med Lysbakken i 2013. Partet treng pusterom, og er i ferd med å gjere noko frykteleg dumt.»
3. mars
Hva synes du om Venstres strategi foran neste valg?
«Venstre vil bidra til ny regjering, og stiller ingen ultimatum utover gjennomslag for eigen politikk. Det er ein god strategi. Og som det vart sagt i debatten på landsstyremøtet: Only a Sith deals in absolutes.»
22. februar
Hva mener du staten bør bruke mindre penger på?
«Landbrukssubsidiar, rentefrådrag, sjukeløn, AFP, fagforeiningsfrådrag, nettolønsordning for sjøfolk, Heimevernet, oljeindustrien, 429 kommunar, byråkrati og feministisk sjølvforsvarskurs.»
16. februar
Bør bruken av oljepenger strammes inn?
«Ja. Unge Venstre vedtok i fjor at handlingsregelen bør senkjast til tre prosent, og er glade for at fagfolka i Norges Bank og SSB no går ut og støttar oss. Dette handler om rettferd mellom generasjonar. Dagens høge oljepengebruk er ikkje berekraftig på lengre sikt. Viktigare er det likevel at regjeringa flyttar oljepengebruken over frå drift av offentleg sektor til investering for framtida.»
11. februar
Bør homofile ha samme rett til å adoptere som heterofile?
«Ingen skal ha rett til å adoptere. Men alle skal ha rett til å bli vurdert om dei vil vere gode og trygge foreldre for eit adoptivbarn. Og det har sjølvsagt ingenting med seksuell legning å gjere.»
3. februar
Frykter du en «biff-krise» i norske butikker?
«"Det er inkje anna å frykte enn frykta sjølv", seier ein gjerne. Det er sjølvsagt berre tull. Det er også grunn til å frykte statsmonopol, korporatisme og planøkonomi. Det er hovudingrediensane i norsk landbrukspolitikk i dag, noko som naturlegvis fører til matkriser med jamne mellomrom. Få det vekk!»
16. januar
«Nei, vi bør heller inngå ein liknande avtale der vi får vere med i det europeiske demokratiet, ikkje berre det europeiske byråkratiet. Den heiter norsk EU-medlemskap.»
13. januar
Kan statsministeren fortsatt ha tillit til Trond Giske?
«Kva statsministeren gjer med Trond Giske er meg revnande likegyldig. Eg har uansett tenkt å byte han ut i 2013. For øvrig er det fullstendig meiningslaust at staten skal vere aksjonær i eit kommersielt selskap som Telenor.»
12. januar
Hvordan skal det bli lettere for unge å komme inn på boligmarkedet?
«Først og fremst må boligpolitikken ta utgangspunkt i dei som slit med å kome inn på bustadmarknaden, ikkje dei som sit godt i det frå før. Det viktigaste ein kan gjere er å fjerne rentefrådraget. Elles har UV, KrFU, UH og FpU lansert ei rekke felles forslag i Facebook-kampanjen "Jeg vil ha bolig": http://www.facebook.com/neitilstrengereegenkapitalkrav»
9. januar
Hva synes du om at danske Egmont blir ene-eier i TV 2?
«Det er heilt uproblematisk. Tvert imot kan det faktisk vere positivt for styrkeforholdet på eigarsida i norsk media, sidan A-pressen per i dag har ei alt for dominerande stilling. »
4. januar
Bør norske partier ha åpne nominasjonsprosesser som i USA?
«Sjølv om det ikkje er mogleg å kopiere måten ein gjer det på i USA (gitt vårt politiske system) er det likevel mykje ein kan gjere for å opne opp. Til dømes å halde opne medlemsmøte/debattar mellom kandidatar, halde rådgjevande uravstemningar, bruke nettavstemningar o.l. Ein har ein del gode døme på openheit, både frå SV sin leiarkamp, frå Oslo Høgre og frå Aust-Agder Venstre.»
3. januar
Hvem tror du blir republikanernes presidentkandidat?
«Eg trur det blir Romney, sjølv om ein ikkje skal avskrive Gingrich heilt endå. Ideelt sett skulle eg likevel ynskje John Huntsman fekk nominasjonen, men det er vel diverre å tru på julenissen at dagens G.O.P. nominerer ein kandidat som anerkjenner menneskeskapte klimaendringar og darwinisme. »
27. desember
Kan Norge få en ny sentrumsregjering?
«Neppe slik den parlamentariske situasjonen er no. Men sentrumspartia kjem til å vere heilt avgjerande for kva regjering vi får etter 2013. For Venstre sin del er det ein posisjon vi vil bruke for å få ein meir ambisiøs klimapolitikk, ein human innvandringspolitikk og demping i offentleg pengebruk.»
21. desember
Hvilke politiske juleønsker har du?
«1. Global klimaavtale 2. Norsk EU-medlemskap 3. Regjeringsskifte. Og så ønskjer eg meg ein PlayStation.»
20. desember
Bør kvinner kvoteres inn i politikken?
«Sjølvsagt bør dei ikkje det. Dessutan er det grupper som er langt meir underrepresentert i politikken. I 2009 utgjorde til dømes venstrefolk 3,9 prosent av veljarmassen, men vart berre representert med 1,1 prosent av av representantane på Stortinget. Kva vil kommunalminister Navarsete gjere med dette?»
16. desember
Bør velgerne ha mer eller mindre innflytelse på hvem som representerer dem?
«Langt, langt større, både lokalt og nasjonalt. Og sidan eg er usamd med Jan Bøhler og Rune Gerhardsen i dette spørsmålet, er eg overbevist om at eg har rett.»
14. desember
Vis svaret i sammenheng13. desember
Bør 16-åringer få stemme ved valg?
«Ja. 16-åringar er ferdig med all obligatorisk skulegang, kan stifte familie, bevege seg i trafikken, betale skatt og bli satt i fengsel. Då bør dei få bli ein del av demokratiet vårt også. Det er heller ingen nødvendig samanheng mellom myndigheitsalder og stemmerettsalder, då dei har vore ulike i størsteparten av norsk historie. Dessutan fråtek vi ikkje umyndiggjorte stemmeretten.»
9. desember
Hvilke terningkast gir du regjeringen?
«På den eine sida bør ein målast på resultat, herunder auke i CO2-utslepp, auke i fattigdom og auke i fagforeiningsfrådrag. På den andre sida meiner jo regjeringa at ein også skal få karakter basert på innsats, ikkje berre prestasjonar. Så det får bli terningkast 2. »
8. desember
Bør tollsatsen på smør senkes permanent for å unngå smørmangel i fremtiden?
«Alle tollsatsar bør senkjast permanent. Frihandel er bra, tollmurar er usolidarisk og eksportsubsidiar er berre ondskapsfullt.»
6. desember
Hvorfor flykter velgerne fra de rødgrønne partiene?
«Hovedsakleg fordi usemja internt i regjeringa er så stor at heile prosjektet står bom stille, medan opposisjonspartia finn saman og tenkjer nye tankar. Eg kan berre kome på éin ting regjeringa har gjort i år, og det er å leggje fram statsbudsjettet for neste år.»
3. desember
Bør Venstre garantere for en borgerlig regjering etter valget i 2013?
«Ja, dersom Venstre får gjennomslag for ein ambisiøs klimapolitikk, ein human innvandringspolitikk og demping i offentleg pengebruk. »
29. november
Hvordan reagerer du på de sakkyndiges vurdering av terroristen?
«Dette er ingenting å vere verken overraska, skuffa eller sint over. I ein rettsstat straffar vi ikkje sjuke menneske. Sjølv ikkje sjuke menneske som står bak dei mest grusomme handlingar. Måten domstolsapparatet handterer denne saka på gjer meg stolt av landet mitt.»
28. november
Har ytringsfriheten en grense?
«Eg meiner det ikkje bør vere grenser for ytringsfridomen når det gjeld politiske ytringar. Difor vil eg til dømes fjerne den såkalla rasismeparagrafen. Ytringsfridomen har likevel grenser når det gjeld direkte trugsmål om vald, brot av teieplikt, injurierande påstandar om enkeltmenneske o.l, men det blir ein litt annan diskusjon.»
24. november
Hvor bør basen for de norske kampflyene ligge?
«Den bør ligge der den fagmilitære ekspertisen meiner den bør ligge. Den bør ikkje ligge der ulike ordførarar og distriktspolitikarar på Stortinget ynskjer å etablere arbeidsplassar.»
14. november
Bør SV gå ut av den rødgrønne regjeringen?
«Som eit lite ytre venstre-parti må SV etter alle politiske tyngdelover søkje regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Får dei ikkje til det, får dei per definisjon ikkje til å sitje i regjering. Det vil vere ei falitterklæring for eit seriøst, politisk parti.»
7. november
Bør Senterpartiet skille lag med Arbeiderpartiet og SV?
«Dersom Senterpartiet er ute etter samarbeidspartnarar som er opptekne av einskildmennesket og ikkje systemtenking, bør dei sjå mot dei borgarlege partia. Men dersom dei er ute etter meir oljesandutvinning og fleire milliardar til bøndene, er nok Ap framleis ein trygg alliert.»
4. november
«Eg meiner at KrF bør bidra til at landet får ei ny regjering etter neste val, og håpar alle opposisjonspartia vil vere konstruktive og la politikk vere avgjerande, ikkje partinamn. Åtte år med LO og Bondelaget i regjeringskontora er nok. Meir enn nok.»
28. oktober
Hva tenker du om at kong Olav ønsket et samarbeid med Nazi-Tyskland?
«Det sjokkerande er ikkje kva meiningar kronprins Olav hadde, men at han opptredde som politikar og diplomat - fullstendig utan eit folkevald mandat. Dette bør vere eit tankekors for alle monarkistar som snakkar om at kongefamilien "uansett ikkje utøver politisk makt". Det gjer dei, ikkje minst i krisetider.»
25. oktober
Er det på tide å tegne et nytt norgeskart?
«Ja, dei som vil byte bør få lov det. Men dette illustrerer jo berre det grunnleggjande problemet: Noreg har eit fylkes- og kommunekart som er teikna for ei anna tid. Det er eit openbart behov for å ta store grep, slik at vi får større og meir robuste kommunar, samt eit fylkeskart som faktisk speglar terrenget. Landet treng ei stor forvaltningsreform, der makt vert flytta ned til store og sterke kommunar. Det er éin av mange grunnar til at landet treng ei ny regjering.»
17. oktober
Bør alle de borgerlige partiene gå sammen om et bredt regjeringsalternativ i 2013?
«Kven som kan sitje i regjering med kven får veljarane og eventuelle regjeringsforhandlingar avgjere. Men eg vil jobbe for at Venstre skal seie klart og tydeleg at eit borgarleg fleirtal skal gje ei borgarleg regjering. Og gir veljarane Venstre styrke til å presse gjennom ein ambisiøs klimapolitikk, ein human innvandringspolitikk og ei demping i offentleg pengebruk, bør Venstre ta ansvar og gå i regjering. Det er politikk som må stå i fokus, ikkje partinamn.»
10. oktober
Hva tror du er årsaken til den lave valgdeltakelsen?
«Fordi folk ikkje stemmer fordi politikarane ber dei stemme, eller fordi dei føler ei moralsk plikt til å gjere det. Folk stemmer når dei føler eit saksengasjement, og at stemma faktisk betyr noko. Eg var i Danmark torsdagen etter valet for å følgje slutten på den danske valkampen. Der var det ingen som snakka om at "å stemme er å bry seg". Derimot var det knallhard, politisk debatt om viktige og aktuelle spørsmål. Resultat: 87,7 prosent valdeltaking. Eg trur vi har noko å lære.»
6. oktober
Hva synes du om statsbudsjettet?
«Regjeringa betalar for gamle tenester. Hadde berre ein brøkdel av Senterpartiets landbruksoverføringar gått til utdanningssektoren, kunne vi skapt verdas beste skule. Hadde Ap fjerna fagforeiningsfrådraget på skatteseddelen til sine rike onklar i LO, ville vi hatt éin milliard kroner meir i året til fornybar energi. I staden har vi ei regjering som er meir oppteken av å sende skattepengar til sine eigne veljarar enn av å ta dei riktige vala for landet. Det gjer meg trist, og det gjer meg klar for regjeringsskifte.»
5. oktober
Hvilken enkeltsak håper du regjeringen bevilger penger til i statsbudsjettet?
«Kongehuset. Nei då, det skulle tatt seg ut. Eg håpar på eit stramt budsjett, og håpar at særleg oljepengebruken blir tatt ned. Generelt bør ein ta ned pengebruken på driftssida, særleg helse- og omsorg, og ein bør vidareføre (og helst auke) pengebruken på investeringssida. Her vil eg særleg trekke fram universitetssektoren, som sårt treng eit løft etter seks år med raudgrønt kvileskjær.»
29. september
Hvem fortjener Nobels fredspris i år?
«EU burde få Nobels fredspris. Den europeiske union er eit historisk fredsprosjekt, som har klart å byggje bru først mellom dei historiske erkefiendane Tyskland og Frankrike, og deretter mellom Vest- og Aust-Europa. Eg er einig med politikarar som Jonas Gahr Støre og Torbjørn Jagland når dei seier det er på tide at EU får prisen. Og eg er overbevist om at den einaste grunnen til at dette endå ikkje har skjedd, er at prisen vert delt ut i Noreg.»
28. september
Er det lurt av Jens Stoltenberg å stramme inn pengebruken?
«Så absolutt. Men eg skulle ynskje at regjeringa snart kunne byrje å prioritere velferd framfor skattelette. Dersom ein hadde fjerna skatteletten for fagforeiningsmedlemmar, til dømes, ville ein hatt éin milliard friske kroner å bruke på velferd. Då kunne regjeringa styrka rusomsorgen, i staden for å kutte i behandlingsplassar. Så lenge Jens fokuserer på å gje skattelette til kameratane sine i LO, blir det mindre velferd til dei som treng det mest. »
27. september
«Sexkjøpslova er ei prinsipiell og sosialpolitisk katastrofe. Den er eit uttrykk for sosialistisk peikefingermoral og sosialdemokratisk renovasjonstankegang. Som med tiggarar og narkomane, tenkjer ein at også prostituerte vil forsvinne frå gatene berre vi innfører eit statleg forbod. Det er sjølvsagt berre sprøyt. Regjeringa banka gjennom forbodet med eit knapt stortingsfleirtal, og mot faglege tilrådingar - ikkje minst frå dei prostituerte sjølve. Resultatet er at jentene blir tvungne under jorda, og vi får meir makt til hallikar og bakmenn. Dei raudgrøne lova at det skulle kome ein solid innsats for å hjelpe jentene (og gutane) når forbodet vart innført, men det har ikkje skjedd noko som helst. Regjeringa lukkar augene, og latar som prostitusjon ikkje lenger eksisterer sidan det er forbode. Dei burde skamme seg, heile gjengen.»
19. september
Bør velgerne få større innflytelse over hvem som skal være ordfører?
«Nei, ikkje i kommunar som brukar formannskapsmodell. Der er ordføraren den politiske leiaren i kommunen, og bør ha støtte for sin politikk i kommunestyret. I byar som Bergen og Oslo, derimot, der ordføraren berre er ein snorklippar som skal sjå og høyrest koseleg ut, må ein gjerne ha direkteval. »
15. september
Følger du med på valget i Danmark?
«Så absolutt. Eg er på plass i København, og gler meg stort til valvake med Radikale Venstre i kveld. Venstres søsterparti ligg nemleg rundt 10 % på målingane, og ser ut til å gjere eit brakval.»
11. september
Hvilken sak er viktigst for deg dagen før dagen?
«At folk stemmer på det partiet dei er mest einig med, ikkje mot partiet dei er mest ueinig med. Og at veljarane er bevisste på at dette er eit lokalval, der vi først og fremst skal fylle landets kommunestyre med drivande dyktige folk. Så stem på dine lokale kandidatar, ikkje på Jens, Trine eller Erna.»
10. september
Hvor viktig er den siste partilederdebatten?
«Med tanke på at debatten går på eit tidspunkt der dei einaste som ser på TV er pensjonistar som valde parti på 60-talet, har den neppe ein veldig stor direkte veljareffekt. På den andre sida vil jo avisene skrive om debatten dagen etter, så dekninga i etterkant er vel så viktig som sjølve debatten. Trine kjem uansett til å kicke ass.»
8. september
«Eigedomsskatt er den einaste skatten kommunane kan styre over, og blir difor eit naturleg valkamptema. Det som er synd er at kommunar berre kan heve skattane, ikkje senkje dei. Unge Venstre meiner kommunane bør få bestemme meir over eigne inntekter, og bestemme over andre skattar enn berre eigedomsskatt.»
7. september
Hvor opptatt er du av meningsmålinger?
«Eg bryr meg om det som er interessant med meiningsmålingar: Veljarovergangar og mobiliseringsgrad. Dette fortel partia kva veljarsegment dei appellerer til, og kvar potensialet til ytterlegare vekst er å finne. I denne samanhengen vil eg gje stor honnør til TV2 og politisk.no, som er flinke til å legge ut bakgrunnstal. Her har andre mykje å lære.»
4. september
«Den blir sannsynlegvis meir attraktiv, sidan regjeringa har auka satsane for dei minste borna. Eg skulle ynskje Lysbakken kunne manne seg opp og fjerne heile støtteordninga først som sist. Det er og blir grunnleggjande absurd at småbarnsfamiliar - ei av dei mest høglytte og skattesubsidierte gruppene i Noreg - skal kompenserast for å ikkje nytte seg av eit frivillig velferdstilbod.»
25. august
Bør tv-kanalene bruke stoppeklokke for å sikre politikerne like mye taletid under tv-debatter?
«Nei, det blir for barnsleg. Men programleiarane bør bli flinkare til å la politikarane snakke ut og fullføre resonnement. I ein studie som vart utført fjor, vart svenske og norske tv-debattar samanlikna. Der kom det fram at norske programleiarar avbryt langt meir, stiller fleire ledande spørsmål og let debattantane snakke langt kortare og meir oppstykka enn sine svenske motpartar. Her trur eg norsk media har mykje å lære av söta bror.»
22. august
Hva synes du om elektronisk valg?
«E-val er ein hån mot demokratiet. Det undergrev prinsippet om hemmelege val, og opnar døra på vid gap for påverknad frå familiemedlemmar og andre. Dessutan vil sjølvsagt moglegheitene for hacking og elektroniske innbrot i valsystemet alltid vere til stades. Når kvisete fjortisar klarer å bryte seg inn i databasane til CIA og VISA, er det liten grunn til å tru serverane til kommunaldepartementet skal vere noko tryggare.»
18. august
«Nei. Sidan vi stolar på at lokalpolitikarane kan avgjere om det skal vere konkurranse på ølsal eller ikkje, bør dei også kunne avgjere om det skal vere konkurranse på vinsal i sine lokalsamfunn. Mange her, slik som Rune Gerhardsen, argumenterer med at Vinmonopolet har eit godt tilbod, og "frykter for kvaliteten" om polet får konkurranse. Det kan så vere, men er ikkje ei god nok grunngjeving for å ha monopol. Det er faktisk ikkje ei statleg oppgåve å sørgje for at Rune G. får eit godt og variert alkoholtilbod.»
12. august
Hva blir valgkampens viktigste sak i din kommune?
«I min kommune, Eid i Sogn og Fjordane, vil éi av dei viktigaste sakene bli om ein skal våge å tenkje utover dei tradisjonelle kommunegrensene. Venstre meiner at vi står sterkare saman, og vil jobbe for at ein region med samla interesser går saman inn i framtida - til beste for innbyggjane.»
8. august
Hvordan vil urolighetene i USAs økonomi påvirke folks hverdag?
«Nedgraderinga av kredittverdigheita til USA er først og fremst ein kraftig smekk til amerikanske politikarar, ikkje amerikansk økonomi. Marknaden har byrja å miste trua på at president Obama klarer å setje hardt mot hardt mot populistiske republikanarar i kongressen. Spørsmålet er korleis børsane no reagerer, og om ein eventuell nedgåande spiral vil forplante seg til europeisk økonomi, som allereie er nede i kneståande. I så fall kan resultatet bli ein double-dip resesjon, med dei enorme konsekvensane det vil få for Noreg - og dermed også kvardagen til vanlege folk. Handlingslamminga i USA og EU er skremmande.»
12. juli
Bør nordmenn bekymre seg for den økonomiske krisen i Sør-Europa?
«Ja, det bør vi. Så lenge 80 prosent av eksporten vår går til EU, er det ingenting som er viktigare for norsk økonomi enn at det går bra i Europa. Og ingenting er viktigare for norsk eksportindustri enn at den norske krona held seg stabil opp mot euroen. Ein eventuell kollaps i Italia og Hellas vil får store konsekvensar for Noreg. Viktige avgjersler om Europas framtid vert tekne på møterom i Brussel kvar einaste dag, og vi har overlatt til demokratisk valde representantar frå våre naboland å styre skuta. Sjølve sit vi på gangen, og det er i seg sjølv ein tragedie. Kanskje er det den norske utanforskapen som burde vekke størst bekymring.»
6. juli
Hvordan kan norsk skole bli bedre?
«Ein skule som er lik for alle passar like dårleg for alle. Norsk skule kan bli betre gjennom å gje eleven fridom til å velje korleis skulekvardagen skal vere, i staden for å bli påtvungen dagens A4-løysingar. I tillegg treng vi gode lærarar, klare tilbakemeldingar og reelt tilpassa opplæring som sikrar at elevane får høve til å oppnå det dei ønskjer i livet. Elevar må få fridom til å velje dei faga dei ynskjer, vi må innføre fritt skuleval i alle landets fylke og vi må stille langt høgare faglege krav til lærarar. »
4. juli
Hvorfor taper Frp velgere til nesten alle partier?
«Frp har vore gjennom ei rekke skandalar det siste halvåret. Dessutan verkar det som spruten har gått heilt ut av partiet etter at dei innsåg at Siv Jensen ikkje kjem til å bli statsminister. Så har Frp gjort det dei alltid gjer når dei slit på meiningsmålingane: Spelt innvandringskortet. Men for ein gongs skuld har ikkje dette fungert, og det er eg glad for. Eg er elles ikkje så overraska over at Frp ikkje mistar veljarar til mitt eige parti. Veljarar som er innvandringskritiske og ikkje trur på klimaendringar går sjeldan over til eit parti som er innvandringsliberalt og som prioriterer klima- og miljøpolitikk. Derimot syner veljarpanelet at mange tidlegare høgreveljarar no snusar på å stemme Venstre, noko som er svært gledeleg. Det blir eit spanande val!»
21. juni
Bør alle barn lære to fremmedspråk på skolen?
«Språkkunnskaper legger grunnlaget for kontakt med mennesker og kulturer, og vi jeg mener det er viktig og riktig at alle mennesker lærer språk så tidlig som mulig. 2. fremmedspråk skal være obligatorisk for alle elever fra og med 5. klasse. Faget skal være praktisk rettet - nettopp fordi de fleste av oss bruker språk praktisk, ikke teoretisk - skolene må jobbe med å rekruttere lærere og man må delta mer i europeiske og internasjonale utvekslingsprogrammer, spesielt i ungdomsskolen. Tilbudet av fremmedspråk må samtidig være bredt. Tall fra Grunnskolenes Informasjonssystem (GSI) viser at 75 prosent av alle 8.-klassinger har enten tysk, fransk eller spansk, men både næringslivet, den enkelte og samfunnet for øvrig er avhengig av at folk kan mange språk. Jeg vil derfor at det skal gjøres en jobb med å få flere fremmedspråk i skolen, også innen ikke-europeiske språk som for eksempel mandarin, urdu, japansk og arabisk. »
15. juni
I 20 kommuner skal 16-åringer få stemme ved høstens kommunevalg. Hva mener du om det?
«Det meiner eg er i 410 kommunar for lite. Frå min ståstad burde alle 16-åringar få stemme, også ved stortingsval. Men for all del; eg er veldig glad for prøveprosjektet, og håpar det blir starten på ei fast ordning. Norske 16-åringar er ferdige med ti års obligatorisk skulegong, dei blir forventa å skulle forstå og følgje straffelovgjeving, dei kan stifte familie, bevege seg i trafikken og betale skatt. Det skulle berre mangle at dei også får vere med og delta i demokratiet vårt, og at dei får vere med og ta stilling til lovar og reglar som dei sjølve må følgje. "No taxation without representation" er framleis ei god rettesnor for stemmerett.»