Politisk panel

Raske meninger

Ungdomspolitikere sentralt

Peder Sjo Slettebø

Tidligere sentralstyremedlem Unge Høyre

Peder Sjo Slettebø (født 1986) er fra Kvinnherad. Han var sentralstyremedlem i Unge Høyre til 2012. Han representerer Høyre i kommunestyret og formannskapet i Kvinnherad og i Hordaland fylkesting.

Slettebø er spesielt interessert i justispolitikk, skatte- og avgiftspolitikk og familiepolitikk. Til daglig driver han sitt eget bakeri, som er et håndverksbakeri med ni ansatte.

Tidligere svar fra Peder Sjo Slettebø

25. oktober

Bør Listhaug fortelle hvem hun har jobbet for?

«Det bør vera opp til henne. Den førre regjeringa hadde fleire statssekretærar og rådgjevarar med bakgrunn frå PR-bransjen utan at dei la fram sine kundelister, og eg kan ikkje sjå at det skal vera andre forventningar til ei anna regjering. »

Vis svaret i sammenheng

12. september

Hva synes du om det nye Stortinget?

«Er sjølvsagt veldig nøgd, spesielt sidan fleire venner og kjente frå tida i Unge Høgre har fått plass! Mange dyktige, ideologisk skodde representantar i det borgarlege fleirtalet! »

Vis svaret i sammenheng

8. september

Hvilke partier tror du sitter i regjering etter valget?

«Eg trur det blir H, Frp, V og KrF. »

Vis svaret i sammenheng

28. august

Bør Norge støtte et angrep på Syria uten FN-mandat?

«Nei! Utanriksministeren handterer denne saka godt. »

Vis svaret i sammenheng

2. august

Hva mener du om pappaperm?

«Eg meiner det er viktig at menn tar pappaperm! Samstundes må familiane sjølv få organisere dette etter eige ønske. »

Vis svaret i sammenheng

5. juli

Hva blir valgets viktigste sak?

«Eg håpar den vil handle om fire ting: 1. Korleis vi skal løyse problema i helsevesenet 2. Norsk næringsliv si konkurransekraft 3. Betre resultat og mindre fråfall i skulen 4. Korleis få fleire i arbeid og færre på trygd.»

Vis svaret i sammenheng

27. juni

Bør Høyblokka i regjeringskvartalet rives?

«Mi subjektive meining er at den bør stå fordi den representerer eit interessant kapittel i norsk arkitekturhistorie, og er ein viktig del av bybiletet i hovudstaden. Men dette må fagfolk saman med lokale og nasjonale styresmakter ta stilling til. Uansett viktig å ta vare på kunstverka. »

Vis svaret i sammenheng

20. april

Hvor store blir Arbeiderpartiet ved valget?

«Tippar mellom 27 og 30 prosent. »

Vis svaret i sammenheng

7. april

Hva har Frp betydd for utviklingen i norsk politikk?

«Dei har betydd mykje. Den praktiske politikken er flytta mykje i retning av Frp sin politikk, då mange av synspunkta Frp har hatt (og som vart sett på som uspiseleg av mange av dei etablerte partia) no er blitt brei politisk semje om. T.d. innanfor innvandringsfeltet. På mange område treng Noreg eit sterkt Framstegsparti, men på mange område bør også Frp modererast av andre parti. »

Vis svaret i sammenheng

3. april

Svekker biografien Borten Moe politisk?

«Nei, det synes eg ikkje. Men han er etter min oppfatning politisk svekka sidan han tydelegvis manglar gjennomslagskraft i eige parti (Lofoten/Vesterålen) og ikkje tar attval til Stortinget. Personleg ville eg ønska at Borten Moe vart leiar i Sp no, for eg ville like betre Sp under hans leiing enn under Navarsete. Men så er no eg Høgremann. »

Vis svaret i sammenheng

13. mars

Hva synes du om valget av ny pave?

«Dette er ein gledens dag for den katolske kyrkja. Den nye paven utstrålar varme og godhet, og namnevalet tyder på at vi kan venta oss eit sterkt engasjement for rettferd i verda. »

Vis svaret i sammenheng

30. januar

Bør områdene utenfor Lofoten åpnes for oljeleting?

«Ja, det bør dei. Ser ingen truverdige argument for at ein bør la vera av omsyn til miljøet. »

Vis svaret i sammenheng

27. januar

Hva mener du om eggdonasjon?

«Det er ingen som har klart å overtyde meg om den prinsipielle skilnaden mellom sæd- og eggdonasjon, og eg har såleis ingenting i mot det. Eg vil likevel avvente debatten i mitt eige parti før eg treff endeleg standpunkt, men heller mot eit ja. Hei til eggdonasjon, altså. »

Vis svaret i sammenheng

31. desember

Hva skjer i 2013?

«Situasjonen i Midt-Austen vil vera svært spent. »

Vis svaret i sammenheng

3. desember

Er Ingebrigtsen-skandalen utslag av en bitter nominasjonsstrid?

«Eg vil vera svært varsam med å spekulere i bakgrunnen for at denne saka kom fram akkurat no. Men eg forstår jo at ein kan tenke i slike banar.»

Vis svaret i sammenheng

17. november

Trenger vi flere unge på Stortinget?

«Me treng dyktige representantar med politisk talent og gjennomføringskraft. Mange av dei yngste representantane har det, medan andre hadde hatt godt av arbeidserfaring. »

Vis svaret i sammenheng

10. november

Hva synes du om oppdrett av pelsdyr?

«Eg er på generellt grunnlag motstandar av å halda dyr i små bur. »

Vis svaret i sammenheng

2. november

Bør staten sprøyte nye skattekroner inn i SAS om alternativet er konkurs?

«Prinsipielt meiner eg staten ikkje bør ha eigarskap i SAS, og at ein difor bør selja seg ut. Likevel vil ein eventuell SAS-konkurs få store konsekvensar for norsk luftfart i ein overgangsperiode, og ein bør difor vurdere grundig kva tiltak ein eventuelt kan sette inn før staten sel seg ut. »

Vis svaret i sammenheng

30. september

Kan man forsvare monarki som styreform i Norge også i fremtiden?

«Ja, så lenge monarkiet har legitimitet i befolkninga, er det gode grunnar for å oppretthalde ei slik styreform. Skulle det av ein eller anna grunn miste legitimitet, er det grunnlag for ny diskusjon om styreform. Slik monarkiet si stilling er i dag, er dette framlegget frå desse Ap-representantane politisk irrelevant. »

Vis svaret i sammenheng

17. september

Vil du savne Ola Borten Moe om han forsvinner fra norsk rikspolitikk?

«Ja, han er vel den siste ekte Sp-aren på Tinget. Vonleg går Sp inn for krasjlanding neste haust, reorienterer seg og kjem attende saman med Borten Moe i borgarleg ham i 2017. »

Vis svaret i sammenheng

13. september

Bør kirken miste vigselsretten?

«Nei, kvifor det? Dette må vera ein av dei minst viktige sakene eg har høyrt om. »

Vis svaret i sammenheng

22. august

Bør eggdonasjon bli lovlig?

«Greit for meg! Ser ikkje den store forskjellen mellom egg- og sæddonasjon. Sistnevnte er jo lovleg. »

Vis svaret i sammenheng

21. august

Hva har Arbeiderpartiet gjort for Norge?

«Innført urimeleg høge skattar og avgifter, meiningslause forbod og reguleringar. Står for ein rigid arbeidsmarknad, smålig næringspolitikk og ein økonomisk politikk som er avhengig av flaks for å skape vekst. »

Vis svaret i sammenheng

1. august

Bør Vinmonopolet ha åpent på nyttårsaften?

«Ja, kvifor i all verda skulle det ikkje ha ope? »

Vis svaret i sammenheng

31. juli

Hvem skal bestemme om to kommuner skal slås sammen?

«Det bør lokalpolitikarane vera i stand til å bestemma sjølv. Om dei er det, er eit anna spørsmål. Skal ein derimot halde fram med dagens kommunestruktur, må kommunane få langt færre oppgåver, ikkje fleire slik regjeringa sin politikk er. »

Vis svaret i sammenheng

19. juli

Kommer du til å markere 22. juli?

«Det skal ikkje vera nokon offentleg markering i min kommune, men eg personleg vil følge med på tv-sendingane og reflektere over det som skjedde. Bileta av dei flotte, gode ungdommane som mista livet gjer uendeleg sterkt inntrykk sjølv om hendinga er komen meir på avstand tidsmessig. »

Vis svaret i sammenheng

28. juni

Bør Norge bli republikk?

«Nei, Kongehuset er ein samlande institusjon som seinast i fjor sommar viste seg å vera svært viktig også i vår tid. SV argumenterer med at det er ei forhistorisk ordning. Eg vil nytte høvet til å orientere SV om at den sosialistiske ideologien også er forhistorisk, men i motsetnad til Kongehuset fungerer den ikkje i praksis. »

Vis svaret i sammenheng

18. juni

Hva synes du om endringene i regjeringen?

«Det er politikken, ikkje personane som betyr noko. Når det er sagt trur eg ikkje nye statsrådar har noko å sei for oppslutninga. Sp må gjerne "toppe laget", men det er nok for det meste indremedisin. »

Vis svaret i sammenheng

14. mai

Støtter du bøndenes aksjoner?

«Ja, fordi regjeringa har gitt bøndene falske lovnader i den nyleg framlagde landbruksmeldinga. Kanskje burde alle som føler seg lurt av regjeringa aksjonere litt. Det er ein del etterkvart. »

Vis svaret i sammenheng

6. mai

Bør tigging være forbudt?

«Ja! Røysta for forbod på landsmøtet fordi tigginga vi snakkar om er organisert kriminalitet. Ingen skal måtte tigge i Norge, vi har sosialstønad som skal hjelpe dei som treng det. »

Vis svaret i sammenheng

30. april

Hva gjør du 1. mai?

«Skal gjera litt kontorarbeid som høyrer med til bedriften eg har. Elles håpar eg å få begynt på 17. mai-talane eg skal halda i år. »

Vis svaret i sammenheng

2. april

Hvilken bok vil du anbefale i påsken?

«"Decision Points" av George W. Bush. »

Vis svaret i sammenheng

8. mars

Trenger vi kvinnedagen?

«Ja, og mine tankar i dag går til kvinner i Saudi-Arabia, Iran, Afghanistan og andre land kor dei er rekna som mindreverdige den dag i dag. Så tenker eg på og er takksam for sterke kvinner som har prega livet mitt; mor, bestemødrene mine, lærarar og kolleger.»

Vis svaret i sammenheng

29. februar

Hva er din reaksjon på forslaget til Nasjonal transportplan?

«Oppgitt. Ferjefri kystamveg mellom Bergen og Stavanger er i det blå, aust-vest-sambandet over Haukeli er nedprioritert. For ein vestlending er dette ein stor nedtur, og ein real nasestyvar til bedrifter som driv med verdiskaping langs kysten. Vonar regjeringa sin "Vestlandsoffensiv" er meir enn prat, og at dei difor får desse prosjekta inn likevel. »

Vis svaret i sammenheng

20. februar

Bør butikkene ha åpent på søndager?

«Dersom den enkelte butikk vil det, bør den få lov til det. Eg har sjølv ein bakarbutikk, men vil ha stengt på søndagar. Då kan eg stå fritt til å ha stengt, medan dei som vil kan ha ope. »

Vis svaret i sammenheng

16. februar

Bør bruken av oljepenger strammes inn?

«Vi bør alltid ha ei kritisk tilnærming til offentleg pengebruk. Generelt meiner eg vi har forvalta oljerikdomen vår på ein svært god måte i Noreg. Dette er det også relativt brei politisk semje om. Samstundes bør vi gjera langt større investeringar i infrastruktur enn vi gjer og har gjort så langt. Svaret på spørsmålet mitt blir difor: Det kjem an på. »

Vis svaret i sammenheng

15. februar

Bør det bli tillatt med alkoholreklame på tv?

«Ja. Og eg kan med min beste vilje ikkje forstå kvifor dette er eit problem. Når ei nettside må sladde ølet i eit glas, viser det kor absurd dette er. Dersom tilsette i direktorata har tid til slikt, bør talet på tilsette reduserast betydeleg. »

Vis svaret i sammenheng

8. februar

Er det for mye alkohol i politikken?

«Det er generelt ein usunn alkoholkultur i Norge. Men me kan ikkje skulda overgrep eller andre overtramp på alkoholen, det må den som i tilfelle har drukke for mykje bera det heile og fulle ansvaret for. »

Vis svaret i sammenheng

18. januar

Hva er mest oppsiktsvekkende i Aps strateginotat?

«Synes det var lite oppsiktsvekkande. Dei fleste som kan sette seg inn i Ap sin situasjon to år før valet, vil nok komme til same konklusjon som i strateginotatet. Ap er for øvrig som kneippbrødet, traust og kjedeleg, utan evne til fornying. »

Vis svaret i sammenheng

3. januar

Hvem tror du blir republikanernes presidentkandidat?

«Eg trur det blir Mitt Romney, sidan han er den mest moderate og difor har sjansen til å appellere breiast av dei som deltar i dette som elles er eit freakshow av ein nominasjonsprosess. Når det er sagt, håpar eg denne gong på valsiger for Obama, og meiner det er svært tydeleg at det republikanske partiet treng meir til til å finne eit nytt prosjekt for Amerika. »

Vis svaret i sammenheng

20. desember

Bør kvinner kvoteres inn i politikken?

«Dei som skal inn i politikken skal stemmast fram av velgarane. »

Vis svaret i sammenheng

14. desember

Hvor bør Munch-museet ligge?

«Vi vil gjerne ha det i Kvinnherad kommune, spesielt dersom Oslo skal gøyme det vekk på Tøyen. »

Vis svaret i sammenheng

13. desember

Bør 16-åringer få stemme ved valg?

«Nei. Men dei bør imidlertid få lov å ta solarium. »

Vis svaret i sammenheng

3. desember

Bør Venstre garantere for en borgerlig regjering etter valget i 2013?

«Skal ikkje blande meg inn i Venstre sine interne prosessar, men Høgre sa i 2009 at borgarleg fleirtal måtte gje borgarleg regjering. Det tente me på, og eg ynskjer ei slik haldning også frå Venstre hjarteleg velkommen. »

Vis svaret i sammenheng

29. november

Hvordan reagerer du på de sakkyndiges vurdering av terroristen?

«Eg er ikkje kvalifisert til å ha noko meining om det, men er oppteken av at offer og pårørande må få ei størst mogleg kjensle av rettferd. »

Vis svaret i sammenheng

24. november

Hvor bør basen for de norske kampflyene ligge?

«Den må ligge der fagmilitære omsyn tilseier at den må ligge. »

Vis svaret i sammenheng

7. november

Bør Senterpartiet skille lag med Arbeiderpartiet og SV?

«Ja! Eg vil gjerne ha Senterpartiet tilbake der dei høyrer heime, på borgarleg side og med eit klarare verdikonservativt grunnsyn. »

Vis svaret i sammenheng

2. november

Hva synes du om at de fleste ordførererne er middelaldrende menn?

«Dersom den middelaldrande ordføraren heiter f. eks. Petter Steen, Tore Opdal Hansen el. Fabian Stang, synes eg det er veldig greit. »

Vis svaret i sammenheng

28. oktober

Hva tenker du om at kong Olav ønsket et samarbeid med Nazi-Tyskland?

«Eg synes redaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, svarar godt på spørsmålet. Når det er sagt, har me seinast i sommar sett kor viktig kongehuset er for oss, og kronprins Olav sine vurderingar i ein tidleg fase av krigen endrar ikkje mitt syn på kong Olav V eller det norske kongehuset sin posisjon. »

Vis svaret i sammenheng

24. oktober

Bør Norge bidra til å hjelpe kriserammede EU-land?

«Oljefondet skal forvaltast slik at det gir mest mogleg avkastning. Dermed er eg, slik situasjonen er no, negativ til at fondet skal investera i EUs krisefond. »

Vis svaret i sammenheng

23. september

Må politikere oppføre seg bedre enn andre?

«De bør oppføre seg som det de er, vanlige folk.»

Vis svaret i sammenheng

12. september

Hvordan er følelsen på valgkvelden?

«Den er som situasjonen i Midt-Østen - svært spent. »

Vis svaret i sammenheng

7. september

Hvor opptatt er du av meningsmålinger?

«Veldig! Håpar pollofpolls.no får egen iPhone-app snart! »

Vis svaret i sammenheng

19. august

Bør politikere bruke Facebook på en annen måte enn "vanlige folk"?

«Nei. Og det bør ikkje bli så mykje oppstyr kvar gong ein politikar er litt rølpete på Facebook heller. Det kan jo vera lurt for ein politikar å ha eiga Facebookside slik at folk kan velje om dei vil følge med på den politiske bodskapen eller ikkje. Eg trur også det er eit poeng at folk får meir direkte kontakt med politikarane via Facebook enn dei kanskje ville fått elles. Ofte blir jo politikarar blottlagt litt gjennom sosiale media. Det trur eg i grunn berre er bra. »

Vis svaret i sammenheng

18. august

Trenger vi Vinmonopolet?

«Nei! Kvaliteten og utvalet kan ein oppretthalde gjennom andre verkemiddel. Dessutan er det urettferdig at kun dei som bur i nærleiken av eit statleg Vinmonopol skal kunne kjøpe seg ei flaske vin til maten. »

Vis svaret i sammenheng

12. august

Hva blir valgkampens viktigste sak i din kommune?

«Eg trur det blir om korleis me skal få meir kunnskap i skulen, enno betre kvalitet i omsorgstenestene og bygdeutvikling. Men kommunen har også eit kraftfond på fleire hundre millionar kroner, der mykje er investert i aksjar med høg risiko. Slik verdsøkonomien utviklar seg no, trur eg forvaltning av fondet også kan bli eit viktig spørsmål i valkampen.»

Vis svaret i sammenheng

4. august

Hvordan vil innvandringsdebatten bli endret etter terrorangrepene?

«Eg håpar først og fremst det blir slutt på dommedagsprofetiane. Fjordman osv. er ein type dommedagsprofetar som meiner at alt kjem til å rase saman dersom me ikkje "gjer noko no". Det har vore ein tendens til å lage worst case-scenario, og det trur og håpar eg det vil bli slutt på etter terroråtaka. Dei politiske realitetane er likevel dei same også etter 22 juli, og det er viktig at det frie ordskiftet held fram som før. »

Vis svaret i sammenheng

20. juli

Har norske politikere sviktet de single?

«Singelpolitikk... Give me a break! Det me treng i dette landet er mindre politikk, grenser for politikk, og meir fridom for enkeltmennesket til å bestemme over eget liv. »

Vis svaret i sammenheng

12. juli

Bør nordmenn bekymre seg for den økonomiske krisen i Sør-Europa?

«Ja, selvsagt. Jeg er likevel mer bekymret for hvordan norsk økonomi og velferd om ikke alt for mange år vil takle møtet med stadig færre arbeidsføre og stadig flere pensjonister. Offentlige utgifter må ned, våre forventninger til hva staten skal gjøre for oss må ned, og arbeidsinnsatsen må opp. Desto før vi begynner å forberede oss på svakere økonomisk vekst og eldrebølge, desto bedre. »

Vis svaret i sammenheng

4. juli

Hvorfor taper Frp velgere til nesten alle partier?

«Jeg sier som George W. Bush: I just don't know. Partiet har vært rammet av en rekke uheldige saker, og jeg antar at det spiller inn, men jeg tror samtidig at tendensen i folket er at høyresiden samlet styrker seg, og at det vil resultere i et godt valg også for Fremskrittspartiet. Jeg ønsker Frp lykke til og alt godt i valgkampen, for vi er enige om mye, og får til mye i de kommunene vi samarbeider. »

Vis svaret i sammenheng

30. juni

Bør mobbere tvinges til å bytte skole?

«Dersom det er nødvendig med skulebytte er det mobbaren som skal bytte skule. At ein elev blir utsett for mobbing er ikkje eleven skuld i sjølv, og det er difor grunnleggande urettferdig at eit mobbeoffer skal måtte bytte skule. »

Vis svaret i sammenheng

29. juni

Hvor viktig er det at en politiker er morsom?

«Me treng begge deler. At ein politikar kan vera morsom er berre positivt. Derfor er det tullete at dersom ein politikar skriv noko som openbart er ein vits i t.d. sosiale medier, blir det slått opp som om det skulle vera ramme alvor. Det er jo vanleg med ironi, og det er naturleg at denne ironien blir med når meir og meir av kommunikasjonen mellom oss skjer via sosiale medier. »

Vis svaret i sammenheng

24. juni

Klarer Høyres lokalpolitikere å ta med seg høyrebølgen til kommunevalget?

«Ja, eg trur og håpar det. Eg trur me ser det same no som under den forrige Høgrebølga på 1980-talet, nemlig at systemet er utgått på dato. Der NRK-monopol og rigide stengetider for butikkar den gong var blitt uforståelige for folk, virkar overtramp frå fylkesmannen og reglar som hindrar skaparvilje og intiativ uforståelige no. Høgre er flinke til å kommunisere korleis me vil løyse folk sine kvardagsproblem, medan Arbeidarpartiet framstår som eit parti som kun vil forsvare eit utdatert regelverk, same kor firkanta og urimeleg det er. »

Vis svaret i sammenheng

21. juni

Bør alle barn lære to fremmedspråk på skolen?

«Ja, to obligatoriske framandspråk bør absolutt innførast. Både av omsyn til ei meir globalisert verd med ein langt meir internasjonal arbeidsmarknad, men også av omsyn til norsk næringsliv sitt behov for tilgong på kompetent arbeidskraft innanlands i ein stadig meir internasjonal konkurranse. Noreg som turistdestinasjon er også tent med at den jevne nordmann har betre språkkunnskapar. Det var sikkert dei som den gong ein innførte engelsk som obligatorisk fag meinte at ein heller burde konsentrere seg om å kun læra norsk, men me ser jo i dag kor bakstreversk det ville vore. »

Vis svaret i sammenheng