Nyhetene

Meir openheit – også for asylsøkjarar

Del med andre:
FacebookTwitterEpostDel

I dag starta asylmarsjen 2011. I vekene og månadane framover skal ein gjeng modige asylsøkjarar gå frå Oslo til Trondheim for å markere sine krav om ein meir human asylpolitikk. Venstre støttar krava, og eg heldt appell framfor Stortinget ved starten av marsjen. Appellen kan du lese her.

«Etter dei fryktelege hendingane 22. juli, sa statsministeren at vi skal møte det vonde med «meir openheit, og meir demokrati».

Eg er heilt einig, og har difor eit forslag til statsministeren: Han kan byrje arbeidet med å spørje dykk, spørje dykk som står her, om kor «ope» de føler det norske samfunnet er.

Vi treng meir openheit i Noreg. Og Jens kan byrje her!

Det er nemleg mange gode ting å seie om det norske samfunnet. Men måten vi behandlar menneske i nød, er det lite godt å seie om. Tvert imot fører dette landet ein av dei mest hjarterå og hensynslause asylpolitikkane i Europa.

Det seier eg fordi vi bryt tilrådingane frå FNs høgkommissær for flyktningar i vår behandling av mindreårige asylsøkjarar.

Det seier eg fordi menneske som har mykje å bidra med til det norske samfunnet ikkje har høve til å skifte kø dersom dei får avslag på asylsøknaden sin.

Og det seier eg fordi menneske som har budd i landet i årevis, som har betalt skatt, har born i skulen og som står på for seg og sitt lokalsamfunn – plutseleg får politiet på døra og får beskjed om å forlate landet.

Den norske asylpolitikken er eitt av dei få samtaletema som gjer meg flau av å vere nordmann.

Nokre av deltakarane på asylmarsjen 2011

—-

På laurdag starta valkampen. I førre valkamp, før stortingsvalet i 2009, var eg på besøk på eit asylmottak i Sogn og Fjordane. Folka som dreiv mottaket var svært hyggjelege, og vi fekk ein god samtale om norsk asylpolitikk over ein kopp kaffi på kjøkenet.

Men etter ei stund byrja eg å lure litt, for kor var eigentleg alle asylsøkjarane? Det var midt på ettermiddagen, og eg såg ikkje ei einaste sjel.

«Di ligg og søv», sa sjefen for mottaket. «Ligg dei og søv?», sa eg. «Ja, det er slik det brukar å vere. Dei sit oppe og ser på TV heile natta, og søv heile dagen».

Og kva anna skal dei eigentleg gjere? Ikkje kan dei jobbe, ikkje kan dei starte vanlege liv i samfunnet, og ofte tek det månadar og år før dei får svar på søknadane.

Det er på høg tid at vi lar asylsøkjarar jobbe medan dei ventar på svar. Dette fekk også støtte frå eit offentleg utval tidlegare i sommar, som sa seg einige med Venstre i at lediggang er rota til alt ondt. Å vere i aktivitet i ventetida gjer ein betre førebudd på å bli ein del av det norske samfunnet, og kombinert med meir ressursar til sakshandsaming i UDI vil det vere det viktigaste grepet vi kan gjere for å skape ein betre kvardag for nokre av dei som hard det verst i det norske samfunnet i dag.

——

Den neste månaden skal politikarar frå alle parti krangle om korleis endå fleire grupper skal få endå meir pengar, og endå fleire fordelar frå resten av samfunnet. Vi skal snakke om eldre som treng omsorg, vi skal snakke om elevar som treng betre lærarar og pendlarar som treng eit betre kollektivtilbod. Det er i og for seg viktige nok saker, også for Venstre. Og også vi vil snakke mykje om det.

Men det er éi gruppe som nesten ingen vil snakke om, og som definitivt ikkje har feite valløfte i vente den næraste månaden: Asylsøkjarar.

Nettopp difor trur eg denne marsjen er så enormt viktig. Nettopp difor er det viktig at de vågar å starte denne styrkeprøva, for å gje ei stemme til dei som inga stemme har. Og nettopp difor har eg enorm respekt for dykk.

I eit Noreg som snakkar om meir openheit og meir demokrati, burde asylsøkjarar stå først i køa. For asylsøkjarar er nemleg Noreg eit av verdas mest lukka samfunn, og dei er ikkje ein del av det norske demokratiet.

Eg håpar vi saman kan lukkast i å skape eit samfunn som er opnare, rausare og meir humant. Lukke til med marsjen! Eg og Venstre skal sende dykk mange, varme tankar på vegen.»

Denne bloggposten er hentet fra Sveinung Rotevatn og er skrevet av Sveinung Rotevatn (V). Les originalposten

Sveinung Rotevatn (V) Sveinung Rotevatn (V)

Sveinung Rotevatn er leder i Unge Venstre. Han kommer fra Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Rotevatn topper Venstres liste i Sogn og Fjordane foran stortingsvalget i 2013.

blog comments powered by Disqus
reklame