Nyhetene

Hakk i plata – på nynorsk

Del med andre:
FacebookTwitterEpostDel

Her om dagen gjekk det opp for meg; den einaste saka som opptek meg om dagen, er nynorsk.

Det er ikkje rart at du føler du har mista det politiske engasjementet når det einaste du klarar å få opp engasjement rundt, er nynorsk.

Den siste saka eg tok opp som fylkespolitikar i Oppland var nynorsk. Eg har no fått fritak frå alle verv, sidan eg skal flytte til nynorskland. Men det siste spørsmålet eg tok opp var noko slik som dette (eg hugsar ikkje ordrett kva eg sa):

Oppland er eit fylke som har omtrent halvparten kvar av nynorsk- og bokmålskommunar. Resten er nøytrale. Vi veit at det er viktig at offentlege organ har ein medviten språkpolitikk, og at haldningane til offentlege organ også vil påverke innbyggjarane sine haldningar. At kommunal sektor går framfor som eit godt døme, er viktig.

Eg har til gode å få eit einaste saksdokument på nynorsk, planene eg les er på bokmål og alt eg finn på heimesidene til Oppland fylke er på bokmål.

Samtidig veit vi at Oppland er eit fylke som til dømes slit med at elevar og foreldre vel bort nynorsk, og fleire bytar hovudmål frå bokmål til nynorsk på vidaregåande skule. Skal vi få fleire til å halde på nynorsk, er det viktig kva for signal vi som skuleeigar sender ut.

Vil fylkesordføraren gjere noko for at fylkeskommunen skal nytte meir nynorsk, og for at vi skal ha ein meir offensiv haldning til nynorsk?

Saka vart nøye omtalt av både Framtida og LNK-nytt.

Og kva er det eg svarer når folk spør meg om kvifor eg flyttar til Sogn og Fjordane? Jo, eg svarer eg ønskjer meg til det nynorske kjerneområdet.

Kva svarer eg når nokon spør meg om kva eg tenkjer om utviklinga i Valdres? Jo, eg svarer dei er flinke, men at dei nyttar for lite nynorsk.

Kva svarer eg når nokon spør meg om kva eg tenkjer om byutvikling på Otta og Fagernes? Jo, eg svarer at det er sikkert fint det, men det er veldig synd at innbyggjarane har stemt fram bokmål som målform.

Og kva ser eg etter når eg les avisene? Ikkje etter om det er politiske vedtak som trekker Noreg i feil retning, nei. Eg ser etter kor mykje nynorsk eg finn der.

Og kva fører slike ting til? Jo, at eg kjem til å bli nynorskpolitikar!

No er eg blitt kjend som “Ho i FrP som likar nynorsk”, noko som fører til at det einaste eg blir spurd om, er å delta i nynorskdebattar. Kjempefint det, spesielt med tanke på at eg nok er litt meir radikal når det kjem til nynorsk enn den jevne FrP-veljar tykkjer om.

(For ordens skuld; eg har vore i EIN debatt det siste året som politikar: om nynorsk! Eg er invitert i EIN debatt til hausten. Om kva? Nynorsk sjølvsagt!!)

Denne bloggposten er hentet fra Mitt liv som bygdetulling og er skrevet av Hanne Maren Blaafjelldal (Frp). Les originalposten

blog comments powered by Disqus
reklame