Eg angrar og legg ikkje skjul på det. Dei siste åra har eg stadig glidd meir og meir inn i bokmålsveldet og blitt stadig meir likegyldig til skriftspråket mitt. Eg ber om orsak for det, Ivar Aasen. Det skal ikkje skje igjen.
Eg var i grunn ein ganske ivrig ung målmann berre nokre få år tilbake (eg er framleis ung). I tretten år hadde eg nynorsk som hovudmål på skulen. Til og med i tre år på vidaregåande i Bergen – bokmålets høgborg i Hordaland. Det toppa seg då eg fann ut at Facebook på “norsk” berre var tilgjengeleg på bokmål, og eg meinte at det også måtte vera eit nynorsk alternativ på nettsamfunnet. Difor starta eg arbeidet med å omsetja Facebook til nynorsk og fekk litt mediemerksemd for det. Sidan den gongen blei andre saker stadig viktigare, og eg har ikkje via mykje tid til målsaka den siste tida. Målmannen i meg sovna rett og slett, og ikkje trudde eg han skulle vakna igjen heller.
Det var heilt til eg høyrte forslaget om at nynorsk skulle fjernast som eige fag i skulen – frå sjølvaste Kristin Halvorsen. Rett skal vera rett: Allereie i haust vedtok KrFU det same på vårt landsmøte. Men det var mot mi og mange andre nynorsk-vener sine stemmer. Eg luktar omkamp i den saka til hausten.
Eg trur ikkje engasjementet mitt for målsaka kjem til å endra seg så veldig framover, verken meir eller mindre. Til det er viktigare saker, slik som verdens fattige og rusavhengige sin situasjon, mitt hovudfokus. Mitt bidrag får bli at eg skal bruka nynorsk framover – både på nett og privat. Eg trur imidlertid det er eit viktig bidrag. Det at vi har politikarar og journalistar i Noreg som nyttar dette skriftspråket aktivt, er avgjerande for skriftspråket si framtid. Det er nemleg noko med prinsippet om at fleirtalet i eit land ikkje bør undertrykka mindretalet. Dette bør også gjelda i språkpolitikken. Sjølv om det berre er 13 prosent av den norske befolkninga som skriv nynorsk, så er det framleis 13 prosent. Dette er folk som skriv og brukar nynorsk som sitt skriftspråk i det daglege, og då bør Staten legga til rette for at dei kan gjera nettopp det. I skulen óg.
Mitt bidrag til debatten er altså å gjere comeback (tilbakevending) som nynorskbrukar. Og så er det jo litt moro å skrive nynorsk, då. Eg seier som Norsk Målungdom: Kvifor ikkje? Berre sjå på Are Kalvø.

.jpeg)









