Helsingstale til ekstraordinært årsmøte i Oslo Unge Venstre, 1. mai 2013 — Kjære Oslo Unge Venstre, Kjære kameratar, I dag er det 1. mai, og tradisjonen tru har Unge Venstre vore i fullt arbeid her på Huset. Nokon må trass alt byggje landet, medan fagrørsla går i tog utanfor vindauget vårt for å boikotte [...]
Ein verdibasert utanrikspolitikk
13. mars deltok eg i debatten “Olje, fisk eller fred?” hos Studentersamfunnet i Bergen. Med meg i panelet var utanriksminister Espen Barth-Eide, NUPI-direktør Ulf Sverdrup og leiar i Norsk Folkehjelp Liv Tørres. Her er opningsinnlegget mitt: I norsk politikk kranglar vi mykje. Særleg om spørsmål som på ein eller annan måte kan gå under overskriftene [...]
Grenselaus kjærleik
Det er kaldt i dette landet. Det veit vi. Men treng vi verkeleg gjere det endå kaldare, ved at det skal vere så vanskeleg å forelske seg i nokon som kjem frå eit anna land? I dag er det valentinsdagen. Det er mange dumme tradisjonar vi har adoptert frå USA, men akkurat valentinsdagen tykkjer eg [...]
Gode, gamle Venstre
At Venstre er eit liberalt parti er det ingen tvil om. At dette er noko nytt er meir tvilsamt. Vårt Land skriv torsdag 24. januar om utkastet til nytt stortingsprogram for Noregs eldste parti. Avisa har funne fram til ei rekkje saker i programmet som eksemplifiserer ein tydeleg, liberal tankegong. Mange av sakene er nye [...]
Ole Brumm-konferansen
Problemet er sjeldan ein del av løysinga. Sjølv om regjeringa og NHO vil ha oss til å tru det, stoppar vi ikkje klimaendringane ved å skru opp tempoet på norsk oljeutvinning, skriv leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn. «Brumm likte alltid å spise litt ved elleve-tiden om formiddagen, og han ble svært glad da han [...]
Avlys kulturkrigen
Kjære borgarlege vener: Avlys kulturkrigen. Norsk kultur er ikkje under åtak frå nokon som helst. Og om den så var, er det ikkje ei politisk oppgåve å redde den. Konservative har til ei kvar tid sett det som si oppgåve å forsvare det beståande mot eit eller anna. I dagens politiske Noreg ser dei det [...]
Retten til å hjelpe kvarandre
Sidan kronprinsesse Mette-Marit sin mykje omtala flytur til India har surrogati-debatten rulla og gått i norske medier. Det er ein vanskeleg og viktig debatt, men i Bergens Tidende 23. desember går han seg inn i nokre uheldige spor. Først på leiarplass og deretter på debattsidene. Det siste først: I kronikken «Som om de var hundevalper» [...]
Politisk rollebyte
I kveld var eg på ein litt annleis debatt på Blindern, der deltakarane i panelet skulle byte parti. Eg fekk den store æra av å representere Arbeidernes Ungdomsfylking i debatten, og gjorde mitt beste for å forsvare regjeringa sin strålande innsats på ulike felt. Her er opningsinnlegget mitt: God dag, kameratar Eg meldte meg inn [...]
«… Men aldri naivitet»
Den grufulle terroren 22. juli 2011 skulle møtast med «meir openheit og meir demokrati». Diverre er det kampen mot naiviteten som har fått dominere den politiske dagsorden. Jens Stoltenbergs ord om meir openheit og demokrati gav gjenklang over heile kloden. Eg og fleire med meg var stolte over at statsministeren, regjeringa og det norske folk [...]
21 ting vi kan tillate
OPPDATERING: Etter at innlegget var på trykk i Dagens Næringsliv (og har gått sin gong på sosiale medier) har det kome mange spørsmål om grunngjevinga bak dei ulike forslaga. Eg har difor lagt til korte grunngjevingar under kvart forslag i denne oppdaterte versjonen av innlegget. Eg har også lagt til ein del reaksjonar og oppfølgjingssaker. [...]
Heilage dagar, heilage kyr
Etter lanseringa av Unge Venstres heilagdagsreform, har Sven Egil Omdal kalt meg for «en moderne utgave av Johann Friedrich Struensee». Det tek eg som ein stor kompliment. På sjølvaste 2. pinsedag, denne tradisjonsrike og viktige familiedagen der nordmenn kjem saman for å minnest at læresveinane mottok Den heilage ande, foreslo Unge Venstre å innføre ein [...]
Tar LO avstand frå venstreekstremisme?
I sin tale på 1. mai åtvara LO-leiar Roar Flåthen mot framveksten av høgreekstremisme i Noreg og Europa. Framfor han på Youngstorget vaia hammar og sigd stolt i vinden. Det er ikkje vanskeleg å slutt seg til Flåthen si åtvaring mot høgreekstremisme. All ekstremisme er farleg, og i økonomiske krisetider som no er det særleg [...]
Nytt fleirtal – ny regjering
Åtte år med raudgrønt styre er meir enn nok. På landsmøtet til helga bør Noregs eldste parti slå klart fast at det vil bidra til å skaffe landet ei ny regjering. 15. oktober i fjor vedtok Unge Venstres landsmøte, med overveldande fleirtal, at eit borgarleg fleirtal bør gje ei borgarleg regjering etter neste stortingsval. Denne [...]
Kan nåde gå for rett?
Politikarar i Høgre og Frp er vanlegvis svært opptekne av skjønn og romslegheit i forvaltninga. Det underlege er at dette berre gjeld når ein skal bygge på garasjen, og ikkje når norske born skal sendast «heim» til eit afrikansk diktatur. I sin artikkel «Fornuft og følelser» på Minerva skriv Eirik Løkke eit forsvar for Jens [...]




