Det er brot i landbruksforhandlingane. Eg er vel ein av dei mange som ikkje skjønner alle detaljane i landbruksavtalen, men eg skjønner godt at om bøndene ikkje tener pengar på det dei held på med så vil dei slutte med det. Samstundes var det ein notis i dagens Nordlys og at Noreg importerer meir korn read more »
Tromsø – det blåblå utstillingsvindauget
Det er no litt over eit år til neste stortingsval. Meiningsmålingane tyder på at det er ein stor fare for at dei blå vinn makta i riket. Kva kan det føre til? I den samanhengen kan det vere verd å ta ein titt på kva som skjer i Tromsø. Høgre, Venstre og Frp vann kommunevalet read more »
Småleg og unødvendig
Eg trur dei to orda som best samanfattar Høgre-, Venstre- og Frpbyrådet sitt framlegg til revidert budsjett er småleg og unødvendig. I morgon vedtar byrådet sitt forslag til revidert budsjett for Tromsø kommune for 2012. Budsjettet innebærer kutt over heile linja, samt auke i dei gebyra som innbyggjarane må betale. Var det nokon som sa read more »
Lovleg narkotika?
I dag er narkotika ulovleg i så godt som heile verda. Det er nokre unntak. Du kan tygge koka i Bolivia, røyke hasj i Nederland og Portugal. Du kan nok og lovleg tygge khat i nokre land. Men, det er vel omtrent det. Likevel omset narkotikaindustrien for store summar. I 2005 reknar FN med at read more »
Svevestøvet
Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det kjem oppslag i media om store mengdar svevestøv i Tromsø. Det kjem av at vi held oss med eit svært ineffektivt transportsystem. Her om dagen høyrte eg på eit podkast frå freakonomics. Der sa dei noko som eg visste, men kanskje ikkje har tenkt så mykje over. I read more »
Vatn i bassenga
Det nyttar ikkje at det er vatn i bassenga dersom skolane ikkje har råd til å bruke bassenga. iTromsø og Nordlys kan i dag melde om at rektoren på Kroken skole har avslutta svømmeundervisninga fordi skolen ikkje lenger har råd til busstransport til svømmehallen på Stakkevollan. Konsekvensane av det borgarlege byrådet sin politikk og prioriteringar read more »
Menneske mot maskin
Det er noko maskinelt og mekanisk over norsk utkastingspolitikk. Når Jens Stoltenberg argumenterer, argumenter han reint mekanisk. Det er nesten som ein robot som står der på talarstolen og ytrar det han er programert til å seie. Les desse utsagna frå Stoltenberg, sitert i VG: – Vi vil ha et rettferdig og forutsigbart regelverk. Da read more »
Asylsaka i Stortinget
Eg må berre skrive ein rask kommentar om asylsaka i Stortinget. Venstre har lagt fram eit framlegg i Stortinget som er eit bra. Eg er samd med det Venstre skriv, dessverre har det ikkje moglegheit til å bli vedtatt uansett kva SV stemmer. Mange kritiserer SV for å ikkje stemme på dette forslaget. Det skjønner read more »
Elendig økonomi
Tromsø kommune har vistnok ein elendig økonomi. Dette blir gjentatt og påstått av høgresida i Tromsø kommune til det kjedsommelege, men dessverre er det ofte slik at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger blir til sanninga? Det er trist når denne sanninga skjuler feil i prioriteringane frå høgrebyrådet. Siste ut i hylekoret er read more »
Ville spekulasjonar
I dag har eg tenkt meg å kome med nokre ville spekulasjonar på bloggen min. Dei spekulasjonane skal handle om kven frå SV som skal sitte i regjeringa framover. Og, la meg slå fast. Dette er spekulasjonar og ikkje basert på noko anna enn det eg har tenkt. For ei veke sidan var det fire read more »
Lykke til, Audun
I morgon startar landsmøtet til SV. Opptakta til landsmøtet har ikkje vore den aller beste. Det har vore diskusjonar om leiarvalet og det har vore skandalar. Det har vore lite rom for å snakke om SV sin politikk. I går publiserte eg ein bloggartikkel om korleis olja øydelegg norsk økonomi. Vi veit og at klimaendringane read more »
Hurra for NHO
Det er ikkje så ofte du vil sjå ei sånn overskrift på denne bloggen. Men, no er det velfortent. I den siste kvartalsrapporten set NHO fingeren på ei av dei aller største utfordringane i norsk økonomi – olja. Det er mange og sterke miljøargument mot det enorme oljeutvinningstempoet vi har i Noreg. Klimaendringane blir ikkje read more »
Istappar og euro
No i desse dagar så heng det store istappar frå hustak, særleg frå hustak som er dårleg isolert. Istappar som trugar med å dette ned å skade oss alvorleg, sjølv om dei kan vere vakre på avstand. Slik er det med euroen og, vakker og lettvinn på avstand, men kjem du nær han må du read more »
Audun Lysbakken som ny leiar i SV?
I dag gjekk Audun Lysbakken av som statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet. Det er trist, både avgangen og saka som førte til avgangen. Eg håper vi no kan få ein litt open debatt om Audun som partileiar i SV. Eg trur den debatten kjem til å ende opp med at vi i SV konkluderer med read more »
Nobina og kapitalisme
Ofte er det sånn at eg les avisa med lett hovudristing, men i det siste er det to saker som har fått meg til å kjenne at eg blir sint meir enn oppgitt. Det eine er flykningepolitikken og måten Noreg oppfører seg mot barn. Det andre er bussanbudet i Tromsø. Det skal dette innlegget handle read more »










